
I dette innlegget høyres eg ut som ein bitter mann, med få politiske prinsipp. Og, akkurat når det kjem til dette spørsmålet så er det ikkje så langt frå sanninga. Lat meg forklare:
Sidan ikkje alle begge lesarane mine er like nerd som meg, tenkte eg å byrje dette innlegget med å forklare kva open kjeldekode er for noko. Egentlig er det ikkje så hokus pokus. Vanlege program, som Office-pakka, Photoshop, spela dine, iTunes og Internet Explorer er programmert i eit kryptert kodespråk. Dette betyr at eg ikkje kan sjå kva kodar som gjer at programmet utfører oppgåvene du ber det gjere. Kvifor er dette kjipt spør du kanskje? Vel, det fins ca sju nettlesere og fjorten medieavspelere som stort sett utførar dei same funksjonene. Nettleserane har forskjellige funksjonar og tekniske finurligheitar, men alle tilbyr deg eit produkt som lar deg koble deg til veven og sjå på innholdet som fins der. Medieavspelarane kan alle spele av forskjellige typar lyd og bilete, men med forskjellige begrensingar til filformat og krypteringar. Kor eg vil med dette? Poenget er at det har blitt kasta vekk mange tusen arbeidstimar på å programmere dei same funksjonene, i omtrent same kodespråk, for omtrent same publikum. Hadde det ikkje vore kult om du kunne hente funksjonane frå andre program, dele på kunnskap og samarbeida med andre om å lage eit best mogleg produkt?
Vel, med open kjeldekode kan du det. Open kjeldekode er nettopp det – ope. Du kan når som helst opne kodene til programmet og sjå kva bit av puslespelet som får hjulet til å gå rundt. Stjele, lære og dele – i samarbeid kan menneska utvikle det beste digitale verktøyet til jobben. Egentlig ein ganske god ide, hadde det berre ikkje vore så ubrukelig enkelte gongar.
Sjølvsagt fins det unntak, som Mozilla Firefox eg surfar nettet med og WordPress, bloggplattformen mjelstad.net køyrar på. Likevel har eg eit negativt forhald til fri programvare når det kjem til å bruke det i praktisk arbeid eller fritid.
OpenOffice? Gratis programpakke som inneheldt alle funksjonane til Microsoft Office? Høyres kanskje bra ut, hadde det berre klart å fungert med resten av verda. Det er eit helvete å installere, vanskelig å sette tekstene, omtrent umulig å bruke elementære programelement som lister og paginering – og ikkje minst – lagrar du i feil format kan nesten ingen opne tekstane dine. Har det gjort livet mitt vanskelig? Jepp.
Kva med vektorprogram? Istadenfor å bruke propriære, kjipe Illustrator kan ein jo bruke Inkscape! Og istadenfor å ete middag i morgon kan du gå ut i skogen og ete litt bark. Det vil vere omtrent like nyttig, og gje deg den samme magefølelsen.
Og Linux? Ver så snill, eg vil bruke eit operativsystem, ikkje lage det underveis. Og når du endelig har klart å lære det, kan du jo berre gløyme å ha det gøy. Eller jo, du kan jo få Linux til å late som det er Windows, sånn at du endelig kan skyte hovudet av nokon i CS – men før du kjem dit har du mest sannsynleg gjort det i røynda.
Okei. End rage. Poenget er at eg er veldig glad i open kjeldekode og fri programvare som prinsipp, men har hatt alt for mange vonde opplevelsar til at eg har kasta meg heilt på bølga. Eg har Windows, eg bruker Photoshop og koser meg med dei superkapitalistiske spela mine på XBOX. Etter revolusjonen vil nok dette fungere, men fram til då så gjer eg faen i mine politiske prinsipp.
// Fred ut.